Vox Morsem

Oddrun Kvalheim og Margot Elin Teigen på 1. sopran, Runa Aurmo og Sigrun Paula Blankenborg på 2. sopran, Eldrid Frøyse Eggen og Marit Kari Einbu på alt.

torsdag, desember 07, 2006

Friviljusentralen

Vi syng eit par-tre songar på Friviljugsentralen torsdag 7. desember kl. 19.00

onsdag, november 29, 2006

Opning av Skjåkstugu på kjøpesenteret!
Vox Morsem syng ca. kl 19.30. Vi vil syngja to songar som høyrer jula til

mandag, november 27, 2006

Øving.
Tysdag 28. november 17 - 18.30

Vi syng på senteret til Skjåkstugu-opning fredag ca. 19.30

fredag, november 10, 2006

Vox Morsem omtala i GD

På Nordalsrunden i dagens GD har vi fått omtale etter at vi sang på næringsmøte:
"...Men det mest lydhøyre innslaget var det damene i Vox Morsem som stod for. Vi kan nøye oss med å bruke eitt einaste ord: Fantastisk! Og dei tek gjerne på seg oppdrag, seier damene, som også har eigen heimeside"

onsdag, november 08, 2006

Næringsutvikling

I dag song Vox Morsem for ein full sal på Skjåk Turistheim. Vi var startinnslaget i eit ope møte i samband med næringsutvikling i Skjåk. Vi song to songar: Viele verachten dei edele Musik (barokk) og ei vise skrive av Haldis Moren Vesaas: Du ser meg i auga.

mandag, november 06, 2006

Komplett sangteknikk

Laurdag var 5 av 6 medlemmar på kurs med Tone... i komplett sangteknikk. Vi arbeidde i tre timar og alle vart klar over STØTTEN!